Siste nytt Nyhende Kultur Sport Næringsliv Politikk

Startsida Aktivitetskalender Nyhendearkiv Kontakt

Bør det satsast meir på oppdrett i Sognefjorden?

Ja, oppdrett vil vere bra for næringslivet og utviklinga langs fjorden. (32.56%)  

Det er allereie tilstrekkeleg med oppdrett i fjorden så ein treng ikkje satse vidare på det. (29.89%)  

Nei, oppdrett er ikkje bra for det naturlege livet i fjorden, ein bør satse på noko anna. (37.54%)  


Totalt: 4275 stemmer



Nettbutikk for kakeentusiastar


-Første tingingane har allereie komme inn, kan (f.v.) Elin Nygård, Sharon Rolland og Janne-Britt Sandviknes fortelje. I samband med opninga av nettbutikken Kakeboksen.no i førre veke var dei tre samla i Vadheim, der også lagerutsalet er.
Foto:May Britt Eide
Med den nyopna nettbutikken Kakeboksen.no ønskjer Sharon Rolland frå Vadheim, Janne-Britt Sandviknes frå Stadlandet og Elin Nygård frå Birkeland at endå fleire skal få ta del i deira fantasiske verd av kaker.

Skrive av: May Britt Eide (25.08.09 - 09:39)

-I den nye nettbutikken vår har vi alt som trengst av utstyr for å lage dei mest fantastiske kaker, frå eteleg glitter og sukkerpasta, til former og utstikkarar. I tillegg kan også folk komme og handle produkta sjølve, i lagerutsalet vi no har opna i Vadheim, seier Sharon Rolland til Ytre Sogn.

Og det var nettopp felles interesse for kaker og kakepynting som gjorde at ho og dei to andre bak Kakeboksen.no, Janne-Britt Sandviknes og Elin Nygård, kom i kontakt med kvarandre.
Dei har nemleg alle vore aktive på ulike nettstader med kaker som tema, og for eit års tid sidan byrja dei å snakke om å starte noko liknande sjølve.
-I utgangspunktet var det snakk om å lage til vår eigen nettstad, der vi la ut oppskrifter og bilete av kaker vi laga, svare på spørsmål folk måtte ha om temaet, samt å tilby ulike kurs i kakepynting. Men det utvikla seg, og til slutt vart det også nettbutikk, seier Sharon.

Tidlegare i år kjøpte dei nettdomenet Kakeboksen.no, som er namnet på nettbutikken til dei tre, med utstyr som vert importert frå USA og England. Og i førre veke opna den.
-For alle som er glade i å bake og pynte kaker, slik vi er, kan det vere vanskeleg å få tak i det rette utstyret om ein ikkje bur i ein storby. Men sjølv der er utvalet avgrensa, og difor fann vi at det var marknad for å starte ein nettbutikk som kunne tilby slikt utstyr, som høver for både vaksne og barn, proffar og amatørar, seier Janne-Britt, og får samtykkjande nikk frå dei to andre.
-Mykje av utstyret vi no sel er vi også dei einaste i Norge som tilbyr, påpeikar Elin.

Sharon trekk også fram at mange gjerne kvir seg for å nytte utanlandske nettbutikkar.
-Det høyrer også med at det ikkje er sikkert alle produkta dei fører er godkjende for bruk i Norge, som til dømes ulike fargestoff. Men det vi har av produkt, er det, seier ho.
Sharon er den som kjem til å ha ansvaret for lageret i Vadheim. Det vil seie at ho både skal ta seg av utsending av produkta som dei får tinging på, samt halde ope utsalet.
-Det betyr at folk som er forbi kan sjå produkta og kjøpe dei direkte frå lageret. Dermed slepp dei også kostnader med frakt som dei må ut med når dei tingar, seier ho.

Les meir i papirutgåva

 




Siste frå næringsliv
15.08.14 - 11:11: Høyanger-bedrifter går nye vegar
13.08.14 - 10:10: Satsar på subsea
29.07.14 - 08:53: Skal vere med og finne ny sjef


« til startsida
© 2007 www.hoyanger.info | Tips nyhenderedaksjonen | Kontakt webmaster | Alle rettigheter er reservert | Les meir av nyhendene i papirutgåva av Ytre Sogn, bestill abonnement [klikk her]
Det er forbode å kopiere innhald og bilete på Høyangerportalen utan særskild avtale med Ytre Sogn Avis
Ansvarleg for nyhende: Redaksjonen i Ytre Sogn Avis Publisert med ArtSys
Høyanger på nettNæringslivTuristLokal-avisDaglegliv Sjå film: