Siste nytt Nyhende Kultur Sport Næringsliv Politikk

Startsida Aktivitetskalender Kjøp & sal Forum Nyhendearkiv Bileteseriar Kontakt

Er det viktig med handelshus i Høyanger?

Ja! (69.54%)  

Nei (26.72%)  

Samma det (3.74%)  


Totalt: 348 stemmer



Samla inn 100.000 til nye våpen til skyttarlag



Det er stor rekruttering til Bjordal/Søreide Skyttarlag, og mange av dei nye skyttarane er jenter. Dei får gode råd av dei med meir erfaring med geværet.
Foto:Stig Sæbø Øvreås
Rekrutteringa til Bjordal/Søreide Skyttarlag og leiinga i skyttarlaget har over tid klart å samle inn over 100 000 kroner til nye våpen. No har skyttarlaget blant regionen sine mest moderne treningsforhold.

Skrive av: Stig Sæbø Øvreås (26.02.10 - 13:55)

Pengane er samla inn, og våpna allereie bestilt. No ventar skyttarlaget berre på våpenløyve frå politiet, og håpet er at fem nye våpen kan takast i bruk på treninga torsdag.
- Vi har fått veldig god respons frå næringsliv, lokale organisasjonar og kommunen, og vi har til saman klart å samle inn 106 000 kroner. Det er kjempebra, seier Arve Søreide i leiinga av Bjordal/Søreide Skyttarlag.
Skyttarlaget, som vart skipa i 1900, har lange tradisjonar, og mange av geværa som blir brukt på trening er også av eldre dato.
- Geværa vi brukar er gamle og har ein del slitasje. Nokre er ombygde Krag rifler, og dei er lite eigna til trening for rekruttane våre. På litt lengre sikt har vi håp om å kunne kjøpe to våpen til.

Skyttarlaget har i dag om lag 40 aktive medlemmer under 26 år, og halvparten av dei har enno ikkje fylt 13 år. Det er også om lag 50 vaksne medlemmer i skyttarlaget. Skyttarane kjem frå bygdene mellom Ortnevik og Oppedal.

- Vi fekk installert eit moderne elektronisk skiveanlegg i fjor, så no får opp til åtte skyttarar opp treffa sine på kvar sin skjerm. Det er også mogleg å skrive ut bilete av skivene sine etter endt treningsøkt. Det er ikkje så mange som har denne typen moderne utstyr her i regionen, og det trekkjer nok ein del skyttarar. Vi har ein gjeng frå Oppedal som har leigd seg inn hos oss, berre på grunn av anlegget, seier Søreide.

Les meir i papirutgåva

 




Siste frå sport
02.09.10 - 14:06: Manglar kunnskap for å avdekke dopingbruk
20.08.10 - 14:52: Gullmedalje nummer 15
06.08.10 - 15:54: Svært nære ein finale


« til startsida
© 2007 www.hoyanger.info | Tips nyhenderedaksjonen | Kontakt webmaster | Alle rettigheter er reservert | Les meir av nyhendene i papirutgåva av Ytre Sogn, bestill abonnement [klikk her]
Det er forbode å kopiere innhald og bilete på Høyangerportalen utan særskild avtale med Ytre Sogn Avis eller POW! Productions
Ansvarleg for nyhende: Redaksjonen i Ytre Sogn Avis | Teknisk ansvarleg: POW! Productions | Publisert med ArtSys
Høyanger på nettNæringslivTuristLokal-avis Sjå film: