Siste nytt Nyhende Kultur Sport Næringsliv Politikk

Startsida Aktivitetskalender Kjøp & sal Forum Nyhendearkiv Bileteseriar Kontakt

Er det viktig med handelshus i Høyanger?

Ja! (69.8%)

Nei (26.5%)

Samma det (3.7%)


Totalt: 351 stemmer



Mest skuffa på Høyanger sine vegne



Kjetil Bakken (biletet), avdelingsleiar for Travelnet Fjordane Reisebyrå i Høyanger, fortel at mange kundar har vore i kontakt med dei etter at det vart kjend at dei vert lagt ned.
Foto:May Britt Eide
-Eg er nok mest skuffa på Høyanger sine vegne, som no mister reisebyrået sitt. For oss som jobbar her vert det nok alltids ei ordning, seier avdelingsleiar Kjetil Bakken ved Travelnet Fjordane Reisebyrå si avdeling i Høyanger.

Skrive av: May Britt Eide (26.02.10 - 14:02)

Etter at det vart kjend at styret i Firda Billag har vedteke å leggje ned avdelinga si i Høyanger, har det vore mange som har teke kontakt med dei, fortel han til Ytre Sogn.
-Nokre har vore innom reisebyrået, medan andre har ringt eller sendt epost, for å uttrykkje at dei tykkjer det er trist at reisebyråaet vert lagt ned, og at dei har vore svært nøgde med jobben vi gjer for dei. Det er klart at det er noko vi set pris på å høyre, seier avdelingsleiar Kjetil Bakken til Ytre Sogn.

Sjølv veit han ikkje særleg meir om kva som skjer vidare, anna enn at avdelinga vert lagt ned innan 1. juli. Han fortel at det på eit møte med Firda Billag-leiinga i slutten av januar vart signalisert at det kunne skje. Men det var først på styremøtet fredag at det vart gjort vedtak om det, med bakgrunn i dei økonomiske utfordringane selskapet står overfor.

Han medgir at dei som jobbar ved reisebyrået, til liks med mange kundar, er skuffa over det no vert lagt ned.

-Men eigentleg er eg mest skuffa på Høyanger sine vegne, som no mister reisebyrået sitt. For oss som jobbar her vert det alltids ei ordning, seier han, og peikar på at Høyanger no har ein velfungerande rutebilstasjon, som i tillegg til reisebyrå med bilutleige, også har venterom og toalett.
-Det er vi som har hatt ansvaret for å ha tilsyn med det siste, men no som reisebyrået vert lagt ned, fryktar eg at det einaste som vert att, er ein busshaldeplass. Leiinga i Firda Billag har sagt at dei vil finne ei løysing når det gjeld venterom og toalett. Men, som vi også har påpeika overfor dei, er dette noko som må ha tilsyn, seier Bakken.

Les meir i papirutgåva

 




Siste frå næringsliv
03.09.10 - 09:30: 20 av 92 har fått jobb
20.08.10 - 15:06: Per A. Øren AS har snudd trenden
20.08.10 - 15:00: Rosar tilsette for overskotet


« til startsida
© 2007 www.hoyanger.info | Tips nyhenderedaksjonen | Kontakt webmaster | Alle rettigheter er reservert | Les meir av nyhendene i papirutgåva av Ytre Sogn, bestill abonnement [klikk her]
Det er forbode å kopiere innhald og bilete på Høyangerportalen utan særskild avtale med Ytre Sogn Avis eller POW! Productions
Ansvarleg for nyhende: Redaksjonen i Ytre Sogn Avis | Teknisk ansvarleg: POW! Productions | Publisert med ArtSys
Høyanger på nettNæringslivTuristLokal-avis Sjå film: