Siste nytt Nyhende Kultur Sport Næringsliv Politikk

Startsida Aktivitetskalender Kjøp & sal Forum Nyhendearkiv Bileteseriar Kontakt

Er det viktig med handelshus i Høyanger?

Ja! (69.54%)  

Nei (26.72%)  

Samma det (3.74%)  


Totalt: 348 stemmer



Sparkar i gang "KiK 2010"



Maria Borlaug (f.v.), Berith Hatlestad, Dorthe Stølen og Carsten Wind Hansen gler seg til å komme i gang med KiK 2010, som markerer at Høyanger kyrkje (bak) er 50 år i år.
Foto:May Britt Eide
I år er det 50 år sidan Høyanger kyrkje vart bygd, og første del av markeringa vert sparka i gong allereie til helga.

Skrive av: May Britt Eide (02.03.10 - 10:06)

-Søndag vert det opning av det som truleg er eit av dei største kunstprosjekta som har vore i kommunen - "Kunst i kyrkja" (KiK), fortel Carsten Wind Hansen, Berith Hatlestad, Dorthe Stølen og Maria Borlaug, som alle er med i KiK 2010, til Ytre Sogn.

Tema for kunstprosjektet, som går over ein heil månad, er "Ei reise i vatn.
-Det er lagt opp til ei sansereise i vatn, som byrjar utanfor kyrkja. Når folk kjem nedst i kyrkjetrappa, går dei gjennom ein tunnel med dekorasjonar frå livet i havet. Barnehagar og skular i heile kommunen har vore med og laga det, fortel Carsten Wind Hansen, Berith Hatlestad, Dorthe Stølen og Maria Borlaug i prosjektgruppa KiK 2010 til Ytre Sogn.
Når folk kjem opp trappa ventar ei ny oppleving, denne gongen i lyd og lys, utforma av ungdomsskule, vidaregåande skule og kunstnarar. Innanfor kyrkjedøra vert folk så møtt av ei fotoutstilling, før dei går gjennom installasjonar som Dalestova har laga.
-Reisa endar i sjølve kyrkjerommet, som vil vere fylt med kunst og musikk, seier dei fire.

Prosjektet KiK 2010 har vore jobba med det siste året, og over 50 personar har vore involvert.
-Det gjer det til eit av dei største kunstprosjekta som har vore i kommunen, seier Borlaug, og peikar på at 25-30 kunstnarar som alle har tilknyting til Høyanger er mellom dei som bidreg med alt frå skulpturar og måleri, til keramikk og fotografi.

Det omfattar ei rekkje arrangement i perioden 7. mars til 5. april. I tillegg til sjølve utstillinga vert det i vekene som kjem både konsert med Høyanger Vocalis, litteraturkveld med Bjørnson som tema og tibetansk meditasjonskveld.
Forteljarkveldar vert det også fleire av.
-Det siste inneber at vi har tre forteljarar i kyrkja, som les eventyr for barn. Det kjem vi til å ha fleire gonger i veka framover, slik at mellom anna barnehagar og skular får høve til å oppleve det. Første gongen vert allereie same kvelden som opninga av KiK 2010, det vil seie no på søndag, seier Wind Hansen.

Les meir i papirutgåva

 




Siste frå kultur
04.09.10 - 16:07: Ny turisthytte på Solrenningane
26.07.10 - 13:25: Kjøleskåp frå 1940-åra
23.07.10 - 12:52: Saknar flytebrygga ved badestranda


« til startsida
© 2007 www.hoyanger.info | Tips nyhenderedaksjonen | Kontakt webmaster | Alle rettigheter er reservert | Les meir av nyhendene i papirutgåva av Ytre Sogn, bestill abonnement [klikk her]
Det er forbode å kopiere innhald og bilete på Høyangerportalen utan særskild avtale med Ytre Sogn Avis eller POW! Productions
Ansvarleg for nyhende: Redaksjonen i Ytre Sogn Avis | Teknisk ansvarleg: POW! Productions | Publisert med ArtSys
Høyanger på nettNæringslivTuristLokal-avis Sjå film: