Siste nytt Nyhende Kultur Sport Næringsliv Politikk

Startsida Aktivitetskalender Kjøp & sal Forum Nyhendearkiv Bileteseriar Kontakt

Er det viktig med handelshus i Høyanger?

Ja! (69.54%)  

Nei (26.72%)  

Samma det (3.74%)  


Totalt: 348 stemmer



Klasserommet er fullt av vatn



Onsdag var det mykje vatn i klasserommet til 10. klassen, fortel Ellinora Høyvik Grimelid (fremst) Ann Kristin Tufte Austreim (bak t.v.) Kjetil Kvamme Nilsen og Renate Nes Gangeskar.
Foto:Rune Sviggum
-Når det snør regnar det i klassrommet vårt, og slik har det vore lenge. Det seier nokre elevar i 10. klasse ved Høyanger skule til Ytre Sogn.

Skrive av: Rune Sviggum (05.03.10 - 09:30)

Ellinora Høyvik Grimelid, som er leiar i elevrådet og elev i 10. klasse, seier at slik har det vore i lang tid, i alle fall sidan før jul.
-Dette er vi redde for kan gå utover helsa vår. Vi samlar opp store vassmengder i bøtter inne i klasserommet. Det er heilt klart at noko må gjerast, seier elevrådsleiaren.
Etter det Ytre Sogn kjenner til fjerna vaktmeisteren om lag 150 liter vatn frå klasserommet berre i løpet av ei helg.

Ho seier at kommunen har prøvt å ordne opp i problemet, men at dei ikkje har klart det.
-Dei tok bort isen frå takrenna, men det hjalp ikkje. Det er nemleg ikkje det som er problemet. Eg kan ikkje forstå anna enn at det må vere eit hol i taket, seier ho.
-No er det på tide at det skjer noko, seier Ellinora Høyvik Grimelid.

-Har de vore i kontakt med kommunen?
-Forutan å vere leiar i elevrådet sit eg i samarbeidsutvalet ved skulen, og vi har tatt saka opp både der og i elevrådet utan at noko har skjedd. Dessutan veit eg at rektor har gått tenestevegen, men framleis lek det i klasserommet. Ikkje noko har skjedd.

-Dersom det er slik at dei ikkje kan utføre arbeidet no må dei gjere det til våren. Dette dreiar seg om helsa til oss elevar. Som du sjølv kan sjå renn det vatn overalt her, seier Ellinora Høyvik Grimelid medan ho ser utover klasserommet i tredje høgda på Høyanger skule.
Ho fortel at dei er 28 elevar i klassen og at dette er det største klasserommet deira. Spørsmålet blir kvar vi skal gjere av oss. Det er nemleg ikkje plass til oss andre stadar på skulen, seier ho.

Les meir i papirutgåva

 




Siste frå nyhende
06.09.10 - 22:54: Pøbelideologen Eidsvåg fekk respons i Høyanger
02.09.10 - 18:30: Informasjonsmøte om Torvund-Teigen
30.08.10 - 10:24: - Alt er flott her no


« til startsida
© 2007 www.hoyanger.info | Tips nyhenderedaksjonen | Kontakt webmaster | Alle rettigheter er reservert | Les meir av nyhendene i papirutgåva av Ytre Sogn, bestill abonnement [klikk her]
Det er forbode å kopiere innhald og bilete på Høyangerportalen utan særskild avtale med Ytre Sogn Avis eller POW! Productions
Ansvarleg for nyhende: Redaksjonen i Ytre Sogn Avis | Teknisk ansvarleg: POW! Productions | Publisert med ArtSys
Høyanger på nettNæringslivTuristLokal-avis Sjå film: