Siste nytt Nyhende Kultur Sport Næringsliv Politikk

Startsida Aktivitetskalender Kjøp & sal Forum Nyhendearkiv Bileteseriar Kontakt

Er det viktig med handelshus i Høyanger?

Ja! (69.54%)  

Nei (26.72%)  

Samma det (3.74%)  


Totalt: 348 stemmer



Skuleelevar førebur jubileumsutstilling



Yvonne Hut Systad (nr to f.h.), Malene Raasholm Moe (nr. to f.v.) og dei andre elevane frå Høyanger vidaregåande skule si elektrolinje var tysdag ettermiddag i full gang med å montere opp jubileumsutstillinga i Høyanger kyrkje.
Foto:May Britt Eide
Ungdomsbedrifter ved Høyanger vidaregåande skule har fått oppdraget med å montere opp utstillinga «Ei reise i vatn», som er ein del av 50-årsmarkeringa til Høyanger kyrkje.

Skrive av: May Britt Eide (05.03.10 - 12:01)

Tysdag ettermiddag var arbeidet med utstillinga, som vert opna søndag, i full gang.
-Vi tykkjer at oppdraget er spennande, og heilt annleis enn det vi elles har prøvd oss på gjennom skuleåret, seier Yvonne Hut Systad og Malene Raasholm Mo, som begge er elevar ved elektrolinja på Høyanger vidaregåande skule - og med i ungdomsbedrifta Elekto UB.

Dei var mellom dei i alt 12 elevane ved linja som deltok i arbeidet med å montere opp ialt 22 spottar til dei mange bileta som etter kvart skal opp på veggane i kyrkjerommet.
-Vi reknar med at det vil ta både ettermiddagen og kvelden innan vi er ferdige, seier dei to til Ytre Sogn, og kan samstundes fortelje at det var ein del uvisse knytt til sjølve gjennomføringa på førehand.
-Vi var usikre på kor vidt murveggane i kyrkja ville tole at vi først bora i dei, for så å strekkje waier mellom punkta vi skal ha spottane, seier Hut Systad og Raasholm Moe, og peikar på at spottane er relativt tunge.
-Men det ser ut til å gå bra, seier dei.

-Og kva trur de om sjølve utstillinga?
-Den blir nok bra, den også, seier dei, og fortel at dei har sansen for prosjektet med å bruke kyrkja til å vise fram ulik kunst.
-Kyrkja vert brukt på ein annan måte enn den elles vert, og det tykkjer vi er spennande, seier dei to elevane ved Høyanger vidaregåande skule.

 




Siste frå kultur
04.09.10 - 16:07: Ny turisthytte på Solrenningane
26.07.10 - 13:25: Kjøleskåp frå 1940-åra
23.07.10 - 12:52: Saknar flytebrygga ved badestranda


« til startsida
© 2007 www.hoyanger.info | Tips nyhenderedaksjonen | Kontakt webmaster | Alle rettigheter er reservert | Les meir av nyhendene i papirutgåva av Ytre Sogn, bestill abonnement [klikk her]
Det er forbode å kopiere innhald og bilete på Høyangerportalen utan særskild avtale med Ytre Sogn Avis eller POW! Productions
Ansvarleg for nyhende: Redaksjonen i Ytre Sogn Avis | Teknisk ansvarleg: POW! Productions | Publisert med ArtSys
Høyanger på nettNæringslivTuristLokal-avis Sjå film: