Siste nytt Nyhende Kultur Sport Næringsliv Politikk

Startsida Aktivitetskalender Kjøp & sal Forum Nyhendearkiv Bileteseriar Kontakt

Er det viktig med handelshus i Høyanger?

Ja! (69.54%)  

Nei (26.72%)  

Samma det (3.74%)  


Totalt: 348 stemmer



Slaktar 400 tonn torsk i år



I merdene ute på Vadheimsfjorden er 32.000-33.000 torskar snart klar for slakting. Totalt utgjer det rundt 100 tonn. Rolf Tveit (biletet) frå Høyanger er den som har ansvar for tilsyn med både fisk og anlegg.
Foto:May Britt Eide
Den første torsken som vart sett ut i Vadheimsfjorden er snart klar for slakting.
-I løpet av våren kjem vi til å slakte 100 tonn, og ytterlegare 300 tonn når vi kjem utpå hausten att, seier Ole Bakke, dagleg leiar for Seamatech, til Ytre Sogn.


Skrive av: May Britt Eide (05.03.10 - 12:54)

Med dagens prisar betyr det ein omsetnad på sju-åtte millionar kroner inneverande år for selskapet, som etablerte seg i Vadheim i 2008.

-Om vi samanliknar med laksenæringa er det ikkje store omsetnaden. Men vi reknar det likevel for å vere ein god start, seier Ole Bakke, og peiker på at det siste tida har vore tøft innanfor næringa dei har valt å satse i - oppdrett av torsk.
-Det gjeld både dei som driv med fiske av torsk og, som vi, oppdrett. Men det som er positivt for oss er at det er først no - og ikkje for eit år sidan - at vi skal ut på marknaden og selje den. Det reknar vi med å gjere når vi kjem til mai-juni, når hovudtyngda av villtorskfisket er over, som betyr ein betre marknad. I tillegg har vi større fisk, seier han, og viser til at prisane er delt inn i tre klassar, etter vekta på fisken - 1-2 kilo, 2-3 kilo og over 3 kilo.
-Fisken vår kjem til å liggje på mellom to og fire kilo, seier Bakke.

Dei har sett ut fisk i merdane ved Bogen i to omgangar. Første var i august 2008, og den er klar for slakting utpå vårparten. Til saman utgjer den vel 100 tonn, eller 32.000-33.000 torskar.
Fisken dei sette ut i mai året etter utgjer rundt 300 tonn, og den har dei planar om å byrje å slakte utpå seinhausten.
-Den ser veldig bra ut, etter å ha vakse i snitt 100 gram i månaden. Den første vi sette ut er no på rundt 2,5 kilo, medan den andre er på rundt 1,7 kilo, seier Bakke.

Siste tida har torskeprisen svinga veldig, men dei reknar likevel med å sitje att med rundt 18-20 kroner kiloen når dei om nokre månadar byrjar å selje den.

-Det vil seie at dei vel 400 tonna vi kjem til å slakte i løpet av inneverande år truleg vil gje ein omsetnad på sju-åtte millionar kroner, seier Bakke.

Les meir i papirutgåva



 




Siste frå næringsliv
03.09.10 - 09:30: 20 av 92 har fått jobb
20.08.10 - 15:06: Per A. Øren AS har snudd trenden
20.08.10 - 15:00: Rosar tilsette for overskotet


« til startsida
© 2007 www.hoyanger.info | Tips nyhenderedaksjonen | Kontakt webmaster | Alle rettigheter er reservert | Les meir av nyhendene i papirutgåva av Ytre Sogn, bestill abonnement [klikk her]
Det er forbode å kopiere innhald og bilete på Høyangerportalen utan særskild avtale med Ytre Sogn Avis eller POW! Productions
Ansvarleg for nyhende: Redaksjonen i Ytre Sogn Avis | Teknisk ansvarleg: POW! Productions | Publisert med ArtSys
Høyanger på nettNæringslivTuristLokal-avis Sjå film: