Siste nytt Nyhende Kultur Sport Næringsliv Politikk

Startsida Aktivitetskalender Kjøp & sal Forum Nyhendearkiv Bileteseriar Kontakt

Er det viktig med handelshus i Høyanger?

Ja! (69.54%)  

Nei (26.72%)  

Samma det (3.74%)  


Totalt: 348 stemmer



IL Høyang søkjer fotballdommarar



Ingebjørn Grønvold (t.h.), Odd Eriksen, Geir Helge Alrek, Arvid Nesse og Petter Sortland diskuterer kva som må gjerast for at IL Høyang skal få fleire dommarar.
Foto:Rune Sviggum
-Vi må ha fleire dommarar, fleire dommarar som har gått kursa. Det seier Svein Arne Høyheim, dommarkontakt i IL Høyang til Ytre Sogn.

Skrive av: Rune Sviggum (07.03.10 - 15:55)

Klubben arrangerte onsdag kveld eit møte der dommarsituasjonen var tema, men det store frammøtet var det ikkje. Totalt seks personar stilte på møtet.
Høyheim seier at han har ei liste med ein del namn, og at desse kjem til å bli kontakta. Ein vil i tillegg påverke folk til å ta kampleiarkurs.

I følgje leiaren i fotballgruppa Petter Sortland og dommarkontakt Høyheim arrangerer klubben om lag 20 kampar i løpet av ein månad. Dersom ein får ti dommarar blir det to kampar i månaden. Dei seier at slik stoda er i dag rår ein over fire-fem dommarar.

-Snakkar vi om krise?
-Eg vil ikkje seie at det er krise, men vi slit litt, svarar Høyheim.
Både han og Sortland reknar med at det skal gå greitt å få avvikla kampane i sjuar-fotball, men at det kan bli verre for dei laga som spelar 11-ar.
Det kom tydeleg fram på møtet at ein ser det som viktig at det blir skapt eit miljø for dommarane i klubben, og at ein i tillegg klarer å skape eit treningsmiljø for den same gruppa.

-Årsaka kan vere at mange har reist frå Høyanger etter at Fundo gjekk konkurs. Dei unge vi har hatt med oss har også reist for å ta utdanning, seier Sortland.
For berre nokre få år sidan rådde klubben over om lag 10 dommarar.
-No er det berre å vedgå at vi er heilt på beinet, og dette må vi ordne opp i før sesongen blir sparka i gang. Gjer vi ikkje det vil det bety at det blir alt for mange kampar på dei få dommarane vi har. Vi kan ikkje ta knekken på folk heller, seier han.

Les meir i papirutgåva

 




Siste frå sport
02.09.10 - 14:06: Manglar kunnskap for å avdekke dopingbruk
20.08.10 - 14:52: Gullmedalje nummer 15
06.08.10 - 15:54: Svært nære ein finale


« til startsida
© 2007 www.hoyanger.info | Tips nyhenderedaksjonen | Kontakt webmaster | Alle rettigheter er reservert | Les meir av nyhendene i papirutgåva av Ytre Sogn, bestill abonnement [klikk her]
Det er forbode å kopiere innhald og bilete på Høyangerportalen utan særskild avtale med Ytre Sogn Avis eller POW! Productions
Ansvarleg for nyhende: Redaksjonen i Ytre Sogn Avis | Teknisk ansvarleg: POW! Productions | Publisert med ArtSys
Høyanger på nettNæringslivTuristLokal-avis Sjå film: