Siste nytt Nyhende Kultur Sport Næringsliv Politikk

Startsida Aktivitetskalender Kjøp & sal Forum Nyhendearkiv Bileteseriar Kontakt

Er det viktig med handelshus i Høyanger?

Ja! (69.54%)  

Nei (26.72%)  

Samma det (3.74%)  


Totalt: 348 stemmer



Søknadsauke for Høyanger vgs



-Utviklinga er gledeleg, seier rektor Ottar Hjetland om søkjartala for kommande skuleår. T.h. kollega Unni Kyrkjebø Johansen
Foto:May Britt Eide
-Søkjartala for kommande år ser veldig gunstig ut for vår del. 185 har skulen vår som førsteval, og det er rundt 20 fleire enn det vi har hatt dei siste par åra, seier rektor Ottar Hjetland ved Høyanger vidaregåande skule til Ytre Sogn.

Skrive av: May Britt Eide (07.03.10 - 15:59)

Primærsøkjaratala for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane vart offentleggjort tysdag, og dei viser at heile 185 har skulen i Høyanger - med i alt 192 plassar - som førsteval.
-Det er omtrent 20 fleire enn det vi har hatt dei siste par åra, og det er sjølvsagt ei gledeleg utvikling, seier rektor Ottar Hjetland, og forklarar auken med at det i år er fleire elevar som går ut av ungdomsskulen og no har søkt om plass i vidaregåande skule.

Og han ser ikkje vekk frå at talet kan auke yetterlegare.
-Sekundærtala vil vere klare om ikkje lenge, og då vil eg tru at det vert nokon fleire, seier han, og peikar på at dei veit at nesten 500 har den vidaregåande skulen i Høyanger som anten 1., 2. og 3. val.
Han reknar difor heller ikkje med at det vert gjort endringar i klassetalet ved skulen når Hovudutval for opplæring seinare denne månaden skal vurdere justeringar i tilbodet ved dei vidaregåande skulane i fylket.

Når det gjeld tala for dei enkelte faga ved Høyanger vidaregåande skule er det framleis nokre som peikar seg ut med langt fleire søkjarar enn det er plassar. Det gjeld mellom anna frisørfaget, som tel 14 plassar, men som dei har 25 søkjarar til.
Ambulansefaget som vart sett i gang i fjor haust har 26 søkjarar til seks plassar.

Les meir i papirutgåva

 




Siste frå nyhende
06.09.10 - 22:54: Pøbelideologen Eidsvåg fekk respons i Høyanger
02.09.10 - 18:30: Informasjonsmøte om Torvund-Teigen
30.08.10 - 10:24: - Alt er flott her no


« til startsida
© 2007 www.hoyanger.info | Tips nyhenderedaksjonen | Kontakt webmaster | Alle rettigheter er reservert | Les meir av nyhendene i papirutgåva av Ytre Sogn, bestill abonnement [klikk her]
Det er forbode å kopiere innhald og bilete på Høyangerportalen utan særskild avtale med Ytre Sogn Avis eller POW! Productions
Ansvarleg for nyhende: Redaksjonen i Ytre Sogn Avis | Teknisk ansvarleg: POW! Productions | Publisert med ArtSys
Høyanger på nettNæringslivTuristLokal-avis Sjå film: