-Det er over all forventning, seier Maria Borlaug i KiK 2010 om at heile 200 personar fekk med seg opninga av utstillinga "Ei reise i vatn" i Høyanger kyrkje søndag kveld.
Skrive av: May Britt Eide (08.03.10 - 10:54)
Ho er med i prosjektgruppa som det siste året har førebudd utstillinga, som er ein del av markeringa av Høyanger kyrkje sitt 50-årsjubileum. -Vi er veldig nøgde med at så mange valde å komme innom på opninga, og har inntrykk av at dei tykkjer at det heile er veldig spennande. Det er i alle fall mange som gir uttrykk for at dei likar at det skjer noko annleis i kyrkja, og at den vert brukt til vise fram kunst. Det er ikkje så mykje av til vanleg, og fleire har påpeika at kyrkja no framstår som "mjukare", seier Maria Borlaug. Sjølv tykkjer ho også at utstillinga, med "Ei reise i vatn" som tema, har blitt veldig bra. -I byrjinga var vi litt redde for at vi kanskje ikkje skulle ha nok kunstverk. Men då vi byrja å få dei inn vart det motsett, og vi tenkte at det kanskje vart for mange. Men vi har fått med dei fleste, rundt 90, og vi tykkjer alle saman kjem til sin rett her inne, seier ho. Elles trekk ho også fram det som er å sjå utanfor kyrkja. Langs kyrkjetrappa er det nemleg sett opp ein tunnel, fylt av dekorasjonar som viser livet i havet. -Den er laga av barnehagar og skular i heile kommunen, og er berre fantastisk, seier ho. Utstillinga i Høyanger kyrkje vil vere open fleire kveldar i veka, fram til 5. april.
Les meir i papirutgåva
|
|