Kinoen i Høyanger får digitalt utstyr allereie til hausten. Det er klart etter at Film & Kino no har sett opp planen for utplassering av slikt utstyr ved alle norske kinoar. -Det blir eit stort løft for kinoen, seier kinosekretær Angelika Ludwig til Ytre Sogn.
Skrive av: May Britt Eide (27.04.10 - 09:57)
Utplasseringa av det nye digitale utstyret startar i juni i år, og vil pågå fram til april neste år. Og kinoane i Sogn, deriblant i Høyanger og Balestrand, høyrer til dei som får utstyret allereie i september. Resten av fylket kjem etter i oktober. -Dette betyr først og fremst at publikum no får sjå filmane medan dei er heilt nye, seier kinosekretær Angelika Ludwig i Høyanger, og peikar på at dei vil ha premiere på filmane same dag som dei store byane. Med det nye utstyret vert filmane nemleg lasta ned digitalt. -I dag får vi dei tilsendt i posten, på eigne rullar, og må gjerne vente ei tid innan vi får dei, avhengig av kor mange kopiar som er laga av filmen, seier ho til Ytre Sogn.
Kvaliteten på filmane blir også ein heil annan med det nye, digitale utstyret. -Publikum får kort og godt ei heilt anna og langt betre filmoppleving, med topp biletkvalitet, seier ho. Det er eit spleiselag mellom filmdistributørar, bransjeorganisasjonen Film & Kino og kinoane som no mogleggjer den landsomfattande digitaliseringa. -Kinoen sin del utgjer 20 prosent, eller rundt 300.000 kroner, seier Ludwig. Nytt med utstyret er også at dei no kan vise ein film så lenge det er interesse for det. -Sidan filmen ikkje lenger må sendast vidare, er det høve til å vise den så lenge vi måtte ønskje, seier ho, og kan fortelje at digitaliseringa også gjer det mogleg å programmere filmar, slik at tilbodet vert tilpassa lokale forhold. -No får vi til dømes høve til å vise spenningsfilmer ein fast dag i veka, komediar ein annan, barnefilmar ein tredje og så vidare, seier ho. Les meir i papirutgåva
|
|