-Når vi er fleire som kan trimme i lag, er det også lettare å komme i gang, seier Reidunn Torvund, Toril Varden, Thore Hopperstad og Anita Taftø. Denne våren har i alt 169 tilsette i helse- og sosialtenesta til Høyanger kommune delteke i trimaksjonen «Steg for deg», og avdelinga deira var den som gjekk mest.
Skrive av: May Britt Eide (28.06.10 - 10:43)
Undervegs har nemleg all trimaktiviteten deira blitt registrert på ei felles nettside, og sidan omgjort til steg. Og då trimaksjonen nyleg vart avslutta viste den at 169 tilsette i helse- og sosialtenesta i løpet av våren har gått til saman 59.887.000 steg, og det var den avdelinga som vart registrert med flest var administrasjonen. Den hadde gått 622.000 steg per tilsett. -Det var nok ein del som trimma også før aksjonen starta, ved å gå tur, sykle eller anna. Det gjeld også meg sjølv. Men det at vi no har vore fleire i lag om det, og samstundes har registrert aktivitetane, har nok gjort at det har blitt meir enn før, seier Toril Varden, og får samtykkjande nikk frå dei tre kollegaene sine. Trimaksjonen «Steg for deg» har bestått av ei rekkje aktivitetar, frå ti minutt med pausetrim på arbeidsplassen på dagtid, til fellesaktivitetar som yoga, linedance og swing på kveldstid. I tillegg har det vore arrangert to fellesturar. -Sjølv har eg alltid hatt lyst til å trimme fast, men har tykt at det var vanskeleg å komme i gang på eiga hand. Det at vi no har vore fleire har gjort det lettare, seier Reidunn Torvund. -Ja, det sosiale er også viktig oppi det heile, meiner Thore Hopperstad og Anita Taftø.
Samstundes legg dei heller ikkje skjul på at konkurransen mellom avdelingane om å gå lengst også har motivert. -Når vi har vore inne og registrert eigen aktivitet, har vi sjølvsagt også måtte sjå korleis dei andre avdelingane har låge an, ler kollegaene, som alle er samde om at trimaksjonen har vore eit strålande tiltak. Det gjeld ikkje minst helsegevinsten som det gir å trimme regelmessig. -Formen vert betre, og dermed vert ein også betre i stand til å tole uheldige arbeidssituasjonar, seier Varden, og peikar på at innanfor helse- og sosialtenesta kan det vere mange tunge løft i løpet av ein arbeidsdag. -Vi som jobbar i administrasjonen har mykje stillesitjande arbeid, og då er også det å vere i aktivitet viktig, påpeikar Hopperstad. Og både han og kollegaene reknar med å halde fram med å trimme, sjølv om aksjonen no vert avslutta. -Det blir lettare no som det er etablert eit system for det, med registrering. Planen er difor å trimme vidare, og vi håpar at nokre av fellesaktivitetane også vil halde fram, seier dei fire til Ytre Sogn. Les meir i papirutgåva
|
|