Startsida
Aktivitetskalender
Kjøp & sal
Forum
Nyhendearkiv
Bileteseriar
Kontakt
Status vert oppdatert kvart minutt
Er det viktig med handelshus i Høyanger? Totalt: 348 stemmer
 |
Klubblokalet er tenkt oppført i området bak Ørjan Eide, i same område som ein i dag har treningsplass. Foto:Rune Sviggum
|
|
-Vi har søkt Høyanger kommune om løyve til å bygge klubblokale i same område som vi i dag har treningslokale. Det seier Ørjan Eide i Kyrkjebø Hundeklubb til Ytre Sogn.
Skrive av: Rune Sviggum (23.07.10 - 12:44)
-Søknaden vi har sendt til kommunen er todelt. I tillegg til å søkje om løyve til å føre opp eit klubblokale søkjer vi også om forlenging av leigeavtalen vi har med kommunen når det gjeld arealet vi brukar til trening, seier han. Kommunen har enno ikkje behandla søknaden, det vil truleg skje på eit møte 25. september. Stor nytte -Det er ingen tvil om at hundeklubben vil ha stor nytte av å få sitt eige lokale. Det vi først og fremst har tenkt å nytte det til er lagringsplass for fôr og ein stad der vi kan avvikle møta våre. Vi kjem også til å plassere ein del reiskap der, så dersom vi får løyve av kommunen til å bygge vil dette vere eit stort framsteg, og viktig for klubben, seier Ørjan Eide. -Spesielt er det viktig at vi kan få oss ein lagringsplass for fôret vårt. Sal av fôr er ei svært viktig inntektskjelde for oss, seier han. Eide fortel at til no har Kyrkjebø Hundeklubb leigt lokale til alle desse føremåla. I følgje Eide har klubben søkt om å få setje opp eit bygg på ein stad mellom 20 og 30 kvadratmeter. Les meir i papirutgåva.
|
|
« til startsida
|
|
© 2007 www.hoyanger.info | Tips nyhenderedaksjonen | Kontakt webmaster | Alle rettigheter er reservert | Les meir av nyhendene i papirutgåva av Ytre Sogn, bestill abonnement [klikk her]
Det er forbode å kopiere innhald og bilete på Høyangerportalen utan særskild avtale med Ytre Sogn Avis eller POW! Productions
Ansvarleg for nyhende: Redaksjonen i Ytre Sogn Avis | Teknisk ansvarleg: POW! Productions | Publisert med ArtSys |