Siste nytt Nyhende Kultur Sport Næringsliv Politikk

Startsida Aktivitetskalender Kjøp & sal Forum Nyhendearkiv Bileteseriar Kontakt

Er det viktig med handelshus i Høyanger?

Ja! (69.54%)  

Nei (26.72%)  

Samma det (3.74%)  


Totalt: 348 stemmer





I fleire år vart det lagt ut ei flytebrygge ved badestranda ved Austreim. - Det er mange som ønskjer å få brygga på vatnet att, seier Johanna Marie Ludwig (t.v.) og Julie Torsnes Sørebø.
Foto:Vegar Volle
I fleire år la Høyanger kommune ut ei flytebrygge ved badestranda på Austreim. Dette var eit populært tiltak, men dei siste åra har brygga blitt liggande på land. - Det er mange som saknar flytebrygga, og vi ønskjer å få ho på vatnet att, seier 15- åringane Johanna Marie Ludwig og Julie Torsnes Sørebø.


Skrive av: Vegar Volle (23.07.10 - 12:52)

- Flytebrygga var fin til å stupe og hoppe frå, det var plass til å ligge å sole seg og det var eit fint mål for yngre born å symje til. Mange av venene våre har sagt at dei saknar flytebrygga, og vi ønskjer å få ho på vatnet att, seier Johanna Marie Ludwig og Julie Torsnes Sørebø til Ytre Sogn. Dei er 15 år gamle og nyttar ofte stranda om sommaren. Dei meiner til og med at det fint går an å bade om det regnar litt.
- Men når det er fint vêr, er det som regel heilt fullt på stranda, seier dei, og legg til at dei brukar badestranda sjølv om flytebrygga ikkje er lagt ut.
- Men flytebrygga gav fleire moglegheiter, og det var kjekt å ha ho som ein plass ein til dømes kunne stupe frå, seier dei og legg til at det også var montert eit stupebrett på svaberget, som det no berre står ein liten rest att av.

Ligg på land
Ungdomane skjønar ikkje kvifor flytebrygga ikkje er lagt ut.
- Ho ligg jo her, seier dei og peikar på brygga som ligg i graset like ved parkeringsplassen, berre nokre titals meter frå strandkanten.


Fjerna av tryggleiksomsyn

- Eg skjønar godt at ungdomane ønskjer å få flytebrygga på vatnet att. Men brygga let seg diverre ikkje forankre slik at ho blir trygg nok, seier kommunalteknisk sjef i Høyanger kommune, Arne Hauge, til Ytre Sogn. Han viser til at badegjester klarte å få brygga til å tippe rundt.


Flytebrygga vart sett på vatnet på slutten av 1990-talet.
- I byrjinga var det montert eit stupetårn på brygga. Når mange nok stilte seg på stupetårnet, fekk dei brygga til å tippe rundt. Difor demonterte vi tårnet, men det viste seg at det likevel var mogleg å få brygga til å vippe rundt når mange nok sto på den eine sida av ho, fortel Hauge.
- Sidan brygga framleis ligg der, forstår eg godt at folk lurer på om brygga blir lagt ut att, seier han og legg til at kommunen truleg kjem til å fjerne brygga frå området sidan ho ikkje skal brukast.

Les meir i papirutgåva.

 




Siste frå kultur
04.09.10 - 16:07: Ny turisthytte på Solrenningane
26.07.10 - 13:25: Kjøleskåp frå 1940-åra
23.07.10 - 12:52: Saknar flytebrygga ved badestranda


« til startsida
© 2007 www.hoyanger.info | Tips nyhenderedaksjonen | Kontakt webmaster | Alle rettigheter er reservert | Les meir av nyhendene i papirutgåva av Ytre Sogn, bestill abonnement [klikk her]
Det er forbode å kopiere innhald og bilete på Høyangerportalen utan særskild avtale med Ytre Sogn Avis eller POW! Productions
Ansvarleg for nyhende: Redaksjonen i Ytre Sogn Avis | Teknisk ansvarleg: POW! Productions | Publisert med ArtSys
Høyanger på nettNæringslivTuristLokal-avis Sjå film: