Firmaet Per A. Øren i Høyanger fyller i år 85 år. I samband med jubileet har dei tilsette gitt bedrifta ein hjartestartar i gåve.
Skrive av: Rune Sviggum (23.07.10 - 12:59)
-Det er eit lotteri vi tilsette har hatt gåande i fleire år som har finansiert hjartestartaren, seier to av dei tilsette til Ytre Sogn, Gunn Marie Haugen og Merete Mundal. Hjartestartaren kostar i underkant av 30 000 kroner. Haugen seier at ho er med i folkehelserådet, og det var der ideen om hjartestartaren dukka opp. -I folkehelserådet snakka vi ein god del om hjartestartarar og at det var viktig at det var flest mogeleg rundt om i Høyanger. Då tenkte eg at dette måtte vere noko for oss her på Per A. Øren. Det er nemleg ikkje så mange stadar i Høyanger sentrum at vi har hjartestartarar. Ho kan fortelje at transport- og anleggsverksemda på Vetleseten har om lag 50 tilsette. Les meir i papirutgåva.
|