|
Høyanger industristadmuseum har nyleg fått hand om fleire gjenstandar, men plassmangel gjer at ikkje alt får plass i utstillinga. Ein robåt med ledda årar, og eit kjøleskåp frå 1940-talet er mellom gjenstandane.
Skrive av: Vegar Volle (26.07.10 - 13:25)
Robåten med ledda årar, som Harald Dale mellom anna brukte på Høgsvatn, er eit interessant objekt for Gaute Ljotebø ved Høyanger industristadmuseum. Dei ledda årane gjorde at du kunne sitje rettvendt og likevel ro på vanleg måte. Førebels er båten mellomlagra i den gamle symjehallen, for det er plassmangel i Industristadmusèet. - Men vi håpar at vi kan få laga til ei utstilling i ein eller annan samanheng, der vi får vist fram både robåten, og handkjerra som vi veit at Naco sitt brannkorps brukte på 1920-talet, seier Ljotebø, og viser eit fotografi som dokumenterer det han seier. Biletet viser 17 brannmenn som står rundt handkjerra, og er datert 30. januar 1926. - Vi veit ikkje eksakt kor gamal kjerra er, seier Ljotebø og legg til at ho treng noko restaurering før ho kan stillast ut. Ein gjenstand som har fått plass i Industristadmusèet er eit gamalt kjøleskåp. - Kjøleskåpet har vore eigd av fru Apold, og vi meiner at det er frå slutten av 1940-talet. Det skal vere det eldste kjøleskåpet som har vore i privat eige i Høyanger, seier Ljotebø. Fotosamling Parallelt med arbeidet med gjenstandane, er det også eit omfattande dokumentasjonsarbeid i gang når det gjeld fotografi. Industristadmusèet har skaffa seg ein skanner, og ved hjelp av den er det enkelt å ta vare på gamle foto elektronisk. - Dersom nokon skulle ha fotografi som dei ønskjer å dele med Industristadmusèet, så må dei gjerne ta kontakt. Vi ønskjer stadig å utvide fotosamlinga, og er også interessert i bilete frå litt nyare tid, frå 1960-talet og framover, seier han. Les meir og sjå fleire bilete i papirutgåva.
|
|