Siste nytt Nyhende Kultur Sport Næringsliv Politikk

Startsida Aktivitetskalender Kjøp & sal Forum Nyhendearkiv Bileteseriar Kontakt

Er det viktig med handelshus i Høyanger?

Ja! (69.54%)  

Nei (26.72%)  

Samma det (3.74%)  


Totalt: 348 stemmer



Flott samarbeid med BKK



Bernt Kristiansen ryddar opp i Ulvagjelet, medan fotograf Ivar let seg imponere.
Foto:Ivar Orvedal
Ivar Orvedal skal bidra med eit kunstnarleg innslag i samband med opninga av kraftstasjonen i Måren 26. august.
-Etter at det vart bestemt at det skulle bli kraftutbygging i Måren har eg hatt eit flott samarbeid både med BKK og entreprenøren. Ein kan godt kalle det forsoning, seier Orvedal til Ytre Sogn.


Skrive av: Rune Sviggum (26.07.10 - 13:42)

Det er no bestemt at den nye kraftstasjonen i bygda skal opnast 26. august, og eitt av innslaga i samband med opninga er det Orvedal som skal stå for.
-Eg er ikkje heilt ferdig med opplegget enno, så eg er ikkje heilt sikker på kva det blir, seier han.
Det er BKK som har invitert Orvedal til å delta med eit kunstnarleg innslag, og kulturarbeidaren frå Måren nyttar høvet til å rose Kjell Harald Lunde i BKK for samarbeidet dei har i samband med kulturinnslaget.

Forsoning
-Det er viktig for meg å få fram at dette er forsoning frå mi side. Eg er komen til at ein må akseptere verdas gang, men utan å bli likegyldig, seier han, samstundes som han nok ein gong skryt av det gode samarbeidet han har med både utbyggaren BKK og entreprenøren.
-Eg har berre positivt å seie om begge partar, legg han til.

Dei som gjer jobben
I det kunstnarlege innslaget i samband med opninga av kraftstasjonen seier Orvedal at han kjem til å legge vekt på dei som gjer jobben.

Les meir i papirutgåva.




Siste frå nyhende
06.09.10 - 22:54: Pøbelideologen Eidsvåg fekk respons i Høyanger
02.09.10 - 18:30: Informasjonsmøte om Torvund-Teigen
30.08.10 - 10:24: - Alt er flott her no


« til startsida
© 2007 www.hoyanger.info | Tips nyhenderedaksjonen | Kontakt webmaster | Alle rettigheter er reservert | Les meir av nyhendene i papirutgåva av Ytre Sogn, bestill abonnement [klikk her]
Det er forbode å kopiere innhald og bilete på Høyangerportalen utan særskild avtale med Ytre Sogn Avis eller POW! Productions
Ansvarleg for nyhende: Redaksjonen i Ytre Sogn Avis | Teknisk ansvarleg: POW! Productions | Publisert med ArtSys
Høyanger på nettNæringslivTuristLokal-avis Sjå film: