Startsida
Aktivitetskalender
Kjøp & sal
Forum
Nyhendearkiv
Bileteseriar
Kontakt
Status vert oppdatert kvart minutt
Er det viktig med handelshus i Høyanger?
| Ja! (69.74%) |
|
|
| |
| Nei (26.51%) |
|
|
| |
| Samma det (3.75%) |
|
|
| |
Totalt: 347 stemmer
 |
Hydro Høyanger med overskot i andre kvartal
Høyanger metallverk hadde i andre kvartal i år eit overskot på seks millionar kroner. Foto:Rune Sviggum
|
|
Hydro Høyanger kunne i andre kvartal i år notere eit overskot på seks millionar kroner. I fjor var det i den same perioden eit underskot på 38 millionar kroner. -Det er viktig å kome på rett side av streken att, seier informasjonsansvarleg Karl Magnus Gudvangen til Ytre Sogn.
Skrive av: Rune Sviggum (30.07.10 - 15:04)
Hydro Høyanger Metallverk sitt resultat for første halvår vart på minus seks millionar kroner, før renter og skatt. Dette var eit stort steg i rett lei då ein i den same perioden i fjor noterte eit underskot på 40 millionar kroner, seier Gudvangen. Vidare var driftsinntektene 334 millionar kroner høgare i første halvår i år samanlikna med same periode i 2009, 848 millionar kroner, mot 514 millionar kroner. I følgje Gudvangen var det i andre kvartal i år at verksemda i Høyanger tente pengar, i første kvartal var det underskot. Betre pris -Hovudårsaka til resultatet i andre kvartal er betre pris, slår Gudvangen fast. Han legg til at dei har halde fram med å halde kostnadane nede, og at det er eit arbeid som sjølvsagt vil halde fram. Aluminiumsindustrien har vore inne i ein tung periode den siste tida, Les meir i papirutgåva.
|
|
« til startsida
|
|
© 2007 www.hoyanger.info | Tips nyhenderedaksjonen | Kontakt webmaster | Alle rettigheter er reservert | Les meir av nyhendene i papirutgåva av Ytre Sogn, bestill abonnement [klikk her]
Det er forbode å kopiere innhald og bilete på Høyangerportalen utan særskild avtale med Ytre Sogn Avis eller POW! Productions
Ansvarleg for nyhende: Redaksjonen i Ytre Sogn Avis | Teknisk ansvarleg: POW! Productions | Publisert med ArtSys |