Siste nytt Nyhende Kultur Sport Næringsliv Politikk

Startsida Aktivitetskalender Kjøp & sal Forum Nyhendearkiv Bileteseriar Kontakt

Er det viktig med handelshus i Høyanger?

Ja! (69.54%)  

Nei (26.72%)  

Samma det (3.74%)  


Totalt: 348 stemmer



Misser om lag halve fellesarealet på Kyrkjebø



Her har vegvesenet avslutta murarbeidet, men oppsitjarane meiner at han må forlengast vidare.
Foto:Vegar Volle
Våre private GPS-målingar syner at fellesarealet på om lag 2 044 kvadratmeter blir redusert til 1 083 kvadratmeter. Med løysinga som no er valt misser vi 961 kvadratmeter, skriv oppsitjar Arne Ueland på Kyrkjebø i eit brev til Statens vegvesen.


Skrive av: Rune Sviggum (30.07.10 - 15:10)

Ueland skriv at den noverande løysinga representerer ei tapt breidde på om lag sju meter i heile parkområdet si lengd, i høve til tidlegare.
Han skriv at Statens vegvesen, saman med entreprenør Per A. Øren , har laga ein vakker steinmur mellom den nye gangvegen og eigedommane i Hatlelivegen. Dei har vore fleksible i høve dei løysingar som grunneigarane har ønskja utanfor sine respektive eigedomar. Men, det syner seg no at arbeidet ikkje blir fullført slik oppsitjarane har hatt ønskje om i brev til Statens vegvesen og Høyanger kommune.

Taper 1 600
kvadratmeter
Med den skrånande vegskjeringa over sprengt fjell som no er planlagt ned mot gangvegen, misser vi ytterlegare fem-seks meter og det flate arealet vi hadde tilgang til tidlegare. Om dette blir endeleg vil vi misse eit bruksareal på om lag 12-13 meter i heile fellesarealet si lengd. Dette representerer eit samla tap av flatt bruksareal på om lag 1 600 kvadratmeter, og som vil vere borte for godt med denne løysinga. Bruksverdien for oppsitjarane vil med dette bli dramatisk redusert, skriv Ueland.

Undrande
Det er her oppsitjarane stiller seg undrande til Statens vegvesen sitt val av løysing og tilsynelatande manglande respekt for den verdien området har for oppsitjarane og det arbeidet som er lagt ned av dei nærmaste naboane til parkområdet.

Les meir i papirutgåva.




Siste frå nyhende
06.09.10 - 22:54: Pøbelideologen Eidsvåg fekk respons i Høyanger
02.09.10 - 18:30: Informasjonsmøte om Torvund-Teigen
30.08.10 - 10:24: - Alt er flott her no


« til startsida
© 2007 www.hoyanger.info | Tips nyhenderedaksjonen | Kontakt webmaster | Alle rettigheter er reservert | Les meir av nyhendene i papirutgåva av Ytre Sogn, bestill abonnement [klikk her]
Det er forbode å kopiere innhald og bilete på Høyangerportalen utan særskild avtale med Ytre Sogn Avis eller POW! Productions
Ansvarleg for nyhende: Redaksjonen i Ytre Sogn Avis | Teknisk ansvarleg: POW! Productions | Publisert med ArtSys
Høyanger på nettNæringslivTuristLokal-avis Sjå film: