Startsida
Aktivitetskalender
Kjøp & sal
Forum
Nyhendearkiv
Bileteseriar
Kontakt
Status vert oppdatert kvart minutt
Er det viktig med handelshus i Høyanger? Totalt: 348 stemmer
 |
Nye Solrenningen er komen på plass
Byggmeister Bjørn Vike på materialstabelen før transport. Foto:Torill Refsdal Aase
|
|
Det gjer godt å svinge hammaren i Sogn og Fjordane. Blåneglene eg har slege på meg i heimfylket er ikkje så smertefulle som når det skjer andre stader.
Skrive av: Bjørn Vike (30.07.10 - 15:25)
Endå betre å slå inn spikar i Høyanger kommune der eg budde delar av mi ungdomstid. Høyanger har alt,fjell, kraft og tungindustri, gode kallenamn og Daleelva. Høyanger er og siste stopp for oppdrettsanlegg i den nasjonale laksefjorden,Sognefjorden. No ligg det nye søknader på bordet til kommunen om nye anlegg. Høyanger kommune får no nye Solrenningen,ei perle i fjellheimen. Villfisken og elvane våre i Sognefjorden er diamantar som fortener ein rein fjord utan nye oppdrettsanlegg.
God vinter Vi sa god vinter til grunnmuren på Solrenningen i november.No er det godt å vere attende. Mus og røysekatt hadde klart seg godt denne kalde vinteren,sikringshytta vart teken i bruk for liten og stor. Tømrarlaget kriblar i hendene etter å kome igang.65 hiv med helikopter,om lag 4oooo kilo skal kome på rett plass,nokolunde beint og godt festa. Vi såg alle etter huldra då vi nærma oss hytta,eg var truleg den einaste som var sikker på at ho var der ein stad.
Utsyn Veggane reiser seg ein etter ein.Alle med hol som skal gje vandrarar dei neste tiåra utsyn til vatnet,fjella og Alrekstølen.Her skal mange nyte ein verkeleg himmelsk boks trøndersodd medan augene kviler på Solrenningsvatnet.Ute på den store sitjeflaken vil det smake med ein alltid velfortent tynn ein.
Huldra var der ho
Vi såg det alle, ei hulder på Alrekstølen, berre nokre hundre meter unna. Langt lyst hår som flagra i vinden, medan ho pussa tennene ved vasslangen på stølen. Det var uråd å slå seg til ro,vi måtte tettare på huldra. Eg tok på meg jobben. Drog til stølen og banka på.Døra gjekk opp og der stod ho.
Huldra heitte Arnhild. Arnhild Thune og var ukjent med huldreliv.
Ho var på stølen saman med husbonden,Geir Arne,busssjåfør i Ortnevik. Stølslivet tok slutt i 1936 kunne dei fortelje,men mange av eigarane nytta stølshusa og fiska i vatna omkring. Dei let vel om naboskapet med Bergen Turlag.
Ja,ja,noko hulder var det ikkje denne gongen.Vi skal heldigvis vere her nokre veker til,treff vi dei ikkje no, kjem dei nok på opningsfesten. For då kjem sjølvaste Dag Lindeberg.
|
|
« til startsida
|
|
© 2007 www.hoyanger.info | Tips nyhenderedaksjonen | Kontakt webmaster | Alle rettigheter er reservert | Les meir av nyhendene i papirutgåva av Ytre Sogn, bestill abonnement [klikk her]
Det er forbode å kopiere innhald og bilete på Høyangerportalen utan særskild avtale med Ytre Sogn Avis eller POW! Productions
Ansvarleg for nyhende: Redaksjonen i Ytre Sogn Avis | Teknisk ansvarleg: POW! Productions | Publisert med ArtSys |