Siste nytt Nyhende Kultur Sport Næringsliv Politikk

Startsida Aktivitetskalender Nyhendearkiv Kontakt

Fylkeskommunen har mottatt fem søkjarar til drosjeløyvet i Høyanger. Det skal takast ei avgjerd etter påske, så no kan det sjå til at det blir drosjetrafikk i industribygda att. Har du sakna drosjetilbodet i Høyanger?

Ja, no får fylkeskommunen sjå til å rydde opp i drosjerotet i Høyanger. Det er same for meg kven som køyrer, berre tilbodet finst. (84.62%)  

Nei, eg har fått transport når eg har trengt det, og ikkje sakna drosje i Høyanger. (6.41%)  

Kva? Har vi ikkje hatt drosje i Høyanger? (8.97%)  


Totalt: 234 stemmer



Rekrutteringssamarbeid har allereie gitt resultat


Antal Jansen (t.v.) frå Nederland trivst godt i den nye jobben på Psykiatrisk klinikk avd. Tronvik. Seksjonsleiar Finn Trædal (t.h.) er på si side nøgd med den førebels siste tilsettinga ved institusjonen på Kyrkjebø.
Foto:May Britt Eide
- Det er ikkje så ofte at denne type jobbar blir utlyst, og når den attpåtil var i Norge, var det ikkje vanskeleg å seie ja til å ta den, smiler Antal Jansen (32) frå Groningen i Nederland.

 



Skrive av: May Britt Eide (26.10.11 - 21:05)

Han er med det den første nederlendaren som har flytta til kommunen etter at Høyanger Næringsutvikling (HNU) tidlegare i år inngjekk samarbeidsavtale med rekrutteringsselskapet Placement. Selskapet rekruttere tilflyttarar frå blant anna Nederland til kommunar i heile Skandinavia som ønskjer tilflytting og arbeidskraft med kompetanse som det elles er vanskeleg å få tak i.

I to månader no har Antal Jansen (32) frå Groningen jobba som einingsleiar for behandlingsstøtte på Psykiatrisk klinikk avd. Tronvik, og han fortel til Ytre Sogn at han trivst godt, både i jobben og på staden.

- For meg er dette ein drøymejobb, seier han, og viser til at det er ganske få jobbar som vert utlyste innan psykomotorisk terapi, som han har teke utdanning i.
Det inneber at han no blant anna har ansvar for idrettsseksjonen og arbeidsstovene ved institusjonen på Kyrkjebø. Han fortel - på godt norsk - at han jobba med det same innanfor psykiatrien i Nederland før han valde å flytte til Norge.
- Å bu og jobbe på Vestlandet er noko eg har drøymt om å gjere i mange år, ikkje minst på grunn av den fantastiske naturen som er her. Men det er vel også vanlegaste grunnen til at såpass mange nederlendarar vel å flytte til Norge. Elles så er nordmenn veldig hyggjelege, og det er mindre stress her enn i Nederland, seier han, og fortel at han også har norske venner som bur andre stader på Vestlandet, som han no får høve til å sjå oftare.

- Så då eg fekk tilbod om ny jobb på Tronvik var det ikkje vanskeleg å bestemme seg, smiler han.
Antal fortel at han allereie var i kontakt med Placement då HNU inngjekk samarbeidsavtalen med dei tidlegare i år, og gjennom dei fekk han etter kvart vite om den ledige jobben ved Tronvik.
- Nettsida til Placement er godt kjend blant nederlendarar som vurderer å flytte til Norge. Eg har sjølv brukt den til å lese om erfaringane andre nederlendarar som har flytta til Norge har gjort, og det har vore nyttig, seier han.

Det same gjeld messene Placement har i Nederland, der ein kan møte representantar frå - og få informasjon om - ulike kommunar. Det var også på ei av desse at han tidlegare i år møtte representantar frå nettopp Høyanger, fortel Antal, som om ikkje lenge får selskap av kjærasten Ingrid (30) på Kyrkjebø.
I neste månad flyttar nemleg ho etter. Ho har ikkje fått jobb enno, men ifølgje Antal er ho open for det meste. Lærarjobb kan for eksempel vere aktuelt.


...og fleire kan følgje etter
- Eg er usikker på kva som er behova i andre bedrifter i kommunen. Men for oss har i alle fall rekrutteringssamarbeidet gitt resultat, seier seksjonsleiar Finn Trædal ved Psykiatrisk klinikk avd. Tronvik.

Vel eit halvt år etter at dei sa ja til å vere med, er den første nederlandske arbeidstakaren på plass hos dei. Og ifølgje Trædal kan ein ny følgje etter om ikkje altfor lenge.

- Vi er for tida i dialog med ei nederlandsk kvinne, som er utdanna psykiatrisk sjukepleiar, og som kan tenkje seg å flytte til Norge. Ho og mannen hennar, med ingeniørbakgrunn, var her i alle fall på besøk for nokre veker sidan, seier han, og fortel at dei for ei tid sidan lyste ut ei stilling som kravde slik kompetanse, men at det ikkje hadde meldt seg nokon søkjarar då fristen gjekk ut.
- Det varierer kor mange søkjarar vi får til dei enkelte stillingane. Nokre er lettare å rekruttere til enn andre, seier han, og trekk spesielt fram stillingar innanfor det nye rusbehandlingstilbodet deira for familiar.
- Dei stillingane har det vore stor interesse for, og vi hadde vel rundt 40 søkjarar til fem stillingar som vart lyst ut i samband med oppstarten av tilbodet. Andre igjen, som til dømes stillinga som psykiatrisk sjukepleiar, slit vi gjerne meir med å få søkjarar til, seier Trædal, men understrekar at dei som blir tilsett uansett må ha rette kompetansen.

- Når det gjeld arbeidstakarar frå andre land er i tillegg språk viktig. Dei må kunne snakke godt norsk, seier han, og nemner Antal Jansen, som no er på plass som einingsleiar for behandlingsstøtte, som døme. Til den stillinga hadde dei nemleg også fleire norske søkjarar.
- Språk er ikkje minst viktig i krevjande mellomleiarstilling som den han no har, i og med at det følgjer med personalansvar. God kommunikasjon med andre er difor veldig viktig, seier Trædal, og fortel at dei er svært nøgde med jobben Antal har gjort så langt.
- Men så har vi også gode erfaringar med nederlandske arbeidstakarar frå tidlegare, både sjukepleiarar, fysioterapeutar og andre. Blant anna har det vist seg at dei lærer seg norsk raskare enn folk i mange andre europeiske land.

Les meir i papirutgåva




Siste frå næringsliv
22.05.12 - 14:34: Industrien skal få CO2-kompensasjon
03.05.12 - 17:17: God drift i utfordrande marknad
25.04.12 - 13:16: Treng emisjon på 100 millionar kroner


« til startsida
© 2007 www.hoyanger.info | Tips nyhenderedaksjonen | Kontakt webmaster | Alle rettigheter er reservert | Les meir av nyhendene i papirutgåva av Ytre Sogn, bestill abonnement [klikk her]
Det er forbode å kopiere innhald og bilete på Høyangerportalen utan særskild avtale med Ytre Sogn Avis
Ansvarleg for nyhende: Redaksjonen i Ytre Sogn Avis Publisert med ArtSys
Høyanger på nettNæringslivTuristLokal-avisDaglegliv Sjå film: