Siste nytt Nyhende Kultur Sport Næringsliv Politikk

Startsida Aktivitetskalender Nyhendearkiv Kontakt

Bør det satsast meir på oppdrett i Sognefjorden?

Ja, oppdrett vil vere bra for næringslivet og utviklinga langs fjorden. (30.21%)  

Det er allereie tilstrekkeleg med oppdrett i fjorden så ein treng ikkje satse vidare på det. (17.12%)  

Nei, oppdrett er ikkje bra for det naturlege livet i fjorden, ein bør satse på noko anna. (52.67%)  


Totalt: 619 stemmer



Inviterer til «bandtrening»


Stig A. Kamonen og Beate Kjølstad vil puste liv i bandmiljøet i Høyanger igjen, og inviterer til intensivkurs over fire veker fram mot sommaren.
- Vi vil prøve å puste liv i bandmiljøet blant ungdommen i Høyanger igjen, seier kulturskulerektor Beate Kjølstad. Ho har alliert seg med Stig A. Kamonen. No inviterer dei til intensivkurs for dei som ønskjer å spele i band.

Skrive av: (13.05.12 - 16:51)

- Det har alltid vore eit godt musikk- og rockemiljø blant unge i Høyanger. For å sikre rekrutteringa er dette eit viktig bidrag. Tidlegare var det fleire band som øvde i Rockekjellaren på Valhall og på Skyttarhuset.

-Dette har dessverre dabba av dei siste åra. No vil vi prøve å få ungdom frå 6. klasse og opp til 18 år til å bli med og ha det gøy med musikk ilag, seier Beate Kjølstad, kulturskulerektor i Høyanger. Dette prosjektet skal vere med på å gi eit variert tilbod til ungdom i Høyanger.
- Det er ikkje alle som likar å til dømes spele fotball eller vere med i korps, og då er det viktig at vi har eit tilbod til dei også.
- Vi tenkjer primært på band, men om det er nokon som ønskjer å vere med utan å ha andre å spele med får vi til dette også, seier Stig Kamonen til Ytre Sogn. Det skal vere rom for alle.
- Kurset er for både nybegynnarar og vidarekomne, og vi tilpassar opplegget etter kva nivå ein er på.

- Tysdag 15. mai blir det eit felles oppstartmøte, der vi vil sjå på interessa for dette, og så vil vi køyre eit intensivt kurs i «bandtrening» og samspel dei neste fire vekene, fortel Kjølstad. Ho har invitert med seg Stig Aron Kamonen til å vere med på prosjektet. Det er han som skal vere instruktør under sjølve øvingane. Kamonen flytta til Høyanger i fjor, og arbeider blant anna som lydteknikar for fleire store norske artistar.
- Eg er så heldig å ha fått med meg Stig Kamonen på dette prosjektet, seier Kjølstad.
- Han har erfaring frå liknande prosjekt frå Larvik, og han har mykje kunnskap både om musikk og det å spele i band. I tillegg har han eit godt lag med barn og unge. Det er viktig å ha gode folk med seg, seier ho.

Kurset som skal haldast no fram mot sommaren vil koste 100 kroner for påmeldte.
- Prisen er låg og sterkt «sponsa», men er sett for å lodde interessa og for å forplikte deltakarane til kortkurset, seier Kjølstad.
Dersom interessa er til stades, vil prosjektet halde fram til hausten, og det vil mulegeins bli dratt inn fleire aktørar i instruktørstallen.
- Det er litt slik her at vegen blir til mens ein går - vi veit jo ikkje om alt som rører seg der ute. Vi håpar jo å få lokka med oss dei som sit heime på romma sine, og inspirere til eit levande miljø der song og musikk står i hovudfokus, seier Kamonen.




Siste frå kultur
18.06.13 - 13:11: Songens & Musikkens dag er attende
07.06.13 - 10:15: Kulturkafè på Bytorget
04.06.13 - 10:16: Gjensyn med barndomsheltar


« til startsida
© 2007 www.hoyanger.info | Tips nyhenderedaksjonen | Kontakt webmaster | Alle rettigheter er reservert | Les meir av nyhendene i papirutgåva av Ytre Sogn, bestill abonnement [klikk her]
Det er forbode å kopiere innhald og bilete på Høyangerportalen utan særskild avtale med Ytre Sogn Avis
Ansvarleg for nyhende: Redaksjonen i Ytre Sogn Avis Publisert med ArtSys
Høyanger på nettNæringslivTuristLokal-avisDaglegliv Sjå film: