Siste nytt Nyhende Kultur Sport Næringsliv Politikk

Startsida Aktivitetskalender Nyhendearkiv Kontakt

Bør det satsast meir på oppdrett i Sognefjorden?

Ja, oppdrett vil vere bra for næringslivet og utviklinga langs fjorden. (30.39%)  

Det er allereie tilstrekkeleg med oppdrett i fjorden så ein treng ikkje satse vidare på det. (17.04%)  

Nei, oppdrett er ikkje bra for det naturlege livet i fjorden, ein bør satse på noko anna. (52.57%)  


Totalt: 622 stemmer



Kraftverk til 15 millionar i Lavikdal


Terje Solheim framføre kraftstasjonen. Anlegget er godt tilpassa omgjevnadane; røyrgara er greven ned, betongbygget kledd i osp som grunneigarane sjølve har felt og skore, og etter kvart skal det leggjast torv på taket.
Foto:Geir Ivar L. Ramsli
- Eg er rimeleg sikker på at vi skal tene pengar på Strandos kraftverk, seier Terje Solheim til Ytre Sogn.
Saman med tre andre grunneigarar har Solheim investert meir enn 15 millionar kroner i prosjektet.


Skrive av: Geir Ivar L. Ramsli (22.06.12 - 14:23)

- Vi har brukt om lag sju år frå vi starta planlegginga og til kraftverket kom i produksjon, seier dagleg leiar Terje Solheim til Ytre Sogn.
Solheim, som har vore initiativtakar og pådrivar for bygginga, fortel at prosessen starta i januar-februar 2005 då han og ein av dei andre grunneigarane var på eit møte som NVE heldt i Høyanger.
- Kraftverket er heilt privatbygd, og eigd av fire grunneigarar med varierande eigardel, seier Solheim.

- Vi leigde inn ingeniør Hermod Seim i Sandane til prosjekteringa, og alt i alt har heile anlegget kosta ein stad mellom 15 og 16 millionar kroner. Sidan anleggsarbeidet med tildekking og tilstelling av landskapet vart avslutta for berre ei dryg vekes tid sidan, har vi ikkje fullstendig oversikt over dei aller siste kostnadane. Kraftverket har derimot vore i drift snart tre månadar.
- Prosessen har stort sett gått greitt, men planen var å leggje røyrgata på motsett side av elva, men miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane fann nokre planter i området som måtte takast omsyn til, og i tillegg var det indikasjonar på at myrtypen i området var spesielt verdfull.

- Røyrgata som er om lag 850 meter lang, er av glasfiberarmert polyester og har ein diameter på ein meter, og turbinen som driv generatoren er av typen Francis. Frå inntaket og ned til kraftstasjonen er fallet 104 meter, og røyra er lagde ned i bakken og jorda er lagt attende, og området er stelt til att. Bygget er i betong, og kledd med osp som vi har hogge oppe i lia her og materialen er skoren på eit mobilt sagbruk som eg eig saman med ein annan. Ikkje alt er ferdig enno, mellom anna skal vi leggje torvtak på kraftstasjonbygget.

- Sidan inntaket er i elva har vi ikkje noko magasin å tappe frå i turre periodar. Vi er avhengige av snøsmelting og regn, og i turre periodar er det ikkje alltid nok vatn i elva til å produsere. I tillegg har vi krav om å sleppe forbi 80 liter per sekund som minstevassføring til ei kvar tid.


Les meir i papirutgåva


Siste frå næringsliv
18.06.13 - 12:56: Osland Havbruk vil lage til visningssenter
11.06.13 - 09:43: Endeleg ja til utbygging
30.05.13 - 14:06: Reise i fornybar energi


« til startsida
© 2007 www.hoyanger.info | Tips nyhenderedaksjonen | Kontakt webmaster | Alle rettigheter er reservert | Les meir av nyhendene i papirutgåva av Ytre Sogn, bestill abonnement [klikk her]
Det er forbode å kopiere innhald og bilete på Høyangerportalen utan særskild avtale med Ytre Sogn Avis
Ansvarleg for nyhende: Redaksjonen i Ytre Sogn Avis Publisert med ArtSys
Høyanger på nettNæringslivTuristLokal-avisDaglegliv Sjå film: