![]() |
Siste nytt | Nyhende | Kultur | Sport | Næringsliv | Politikk | ![]() |
| Startsida
Aktivitetskalender
Kjøp & sal
Forum
Nyhendearkiv
Bileteseriar
Kontakt
Er det viktig med handelshus i Høyanger?
Totalt: 348 stemmer
![]() |
Næringsdag 10. marsOnsdag kan du bli oppdatert på kva som skjer innan næringslivet i Høyanger. Det er gått 4 år sidan C-hallen slutta å koke, vel eit år sidan Fundo la ned felgformene. Men med ulike mellomrom har vi høyrt andre aktørar som skal fylle tomrommet etter desse på ulike vis: Carbontech, Nordic Power Systems (NPS), SafeClean, Østerbø Maskin, St. Jean Industries, Eras, KvalitetsLosen... Alle er bedrifter som i media har blitt omtalt på ulike vis og vendingar. HNU ynskjer at innbyggjarane får førstehandskunnskap om desse prosjekta. Kva driv dei med, kva er status, korleis ser framtida ut. Hydro vil også orientere om situasjonen i sin kvardag. Vi har fått samla alle leiarane i desse bedriftene i Samfunnshuset på onsdag. Dei vil her fortelje og svare på spørsmål om si verksemd. Alt i alt vert hendinga ein "must" for dei som er interesserte og engasjerte i lokalsamfunnet vårt. Bedriftene presenterer seg både med stands og presentasjonar. Det vert nærings-kafe med mykje godt på menyen. Sjølvsagt er også inngangen gratis. Alle er velkomne! Vel møtt i Samfunnshuset, onsdag 10. mars. Dørene opnar kl. 17. Det første foredraget går av stabelen kl. 1730. Opplegget varar til ca 21:30. Sjå artikkel her på Høyangerportalen.
|
|||
| © 2007 www.hoyanger.info | Tips nyhenderedaksjonen | Kontakt webmaster | Alle rettigheter er reservert | Les meir av nyhendene i papirutgåva av Ytre Sogn, bestill abonnement [klikk her] Det er forbode å kopiere innhald og bilete på Høyangerportalen utan særskild avtale med Ytre Sogn Avis eller POW! Productions Ansvarleg for nyhende: Redaksjonen i Ytre Sogn Avis | Teknisk ansvarleg: POW! Productions | Publisert med ArtSys |
||||